Vinter på Sunnmøre

Som nemnt tidlegare kjenner eg meg trygg på vegen, men det er ikkje akkurat som eg har hatt mykje å bryne meg på denne sesongen. Vi har kanskje hatt tre omgongar med snø, der snøen låg på det lengste i 48 timar. Is har vi derimot hatt ein del av, men eg har kome meg alle stadar utan problem. Ikkje anna enn skryt til nye dekka!!! Berre lite å informere om fordi eg for det meste køyrer på tørre vårvegar...eg klagar ikkje ;)

Den nye kosten med skrape har eg og mannen min prøvd...han blei ein smule misunneleg og hadde lyst på ein sjølv ;)

Eg satsar på tørre vegar fram til skifte til sommardekk.

Hanne

comments powered by Disqus