Har hatt på piggdekka i nokre veker no. Køyrer i snitt ved temperaturer rundt 11 varmegrader...då krympar eg meg i det eg bremsar litt for hardt. Kor mykje blei piggane slitt ned den gongen, skal tru? Må konsentrere meg meir og fylje med på førarane framom, slik eg har betre tid å bremse på ;)
Denne helga har eg og familien vore på Bjorli, Oppland. Vart ikkje så mykje vinterføre der heller. Eit tynt lag med nysnø og -3 grader var det i dag. Så dekka på vinterføre har eg ikkje så mykje å dele med deg enno. Litt støy, men eg synast det er støy i bilen nesten uansett dekk.
